Brosjyre for Omega AS

Brosjyre for Omega AS

Då Omega skulle på jobbmesse i mars trong dei ein brosjyre som kunne vise kven dei er og kva bedrifta gjer. Omega Design laga brosjyren, og utarbeida både tekst og design.

Brosjyren viser kven dei er og kva bedrifta gjer på ein kort og konsis måte, med bilete som representerer dei bransjane og sektorane som bedrifta er involverte i. Teksten snakkar om kven Omega er som eit konsulent- og programvareselskap, i tillegg til å vise oversiktar over kva område bedrifta kan levere prosjektpersonell og av dei forskjellige programvarene.

Her ser ein kombinasjonen av ein enkel oversikt og gode bilete.

Me har og framheva informasjon om kvar i verda Omega har kontor og konsulentar, og vist dette fram med eit simplifisert kart. Når ein skal på jobbmesse er det og relevant å vise til veksten av tilsette i selskapet dei siste åra, difor sette me inn ein graf som viser vekst av tilsette fram til i dag.

Brosjyren i sin heilhet.

Med lette tekstar, korte, fengande setningar og gode bilete, kommuniserar brosjyren mykje informasjon over ei lita flate. Last ned og sjå brosjyren her (PDF 2.7MB).

Me er takknemlige for at me får jobbe tett med moderselskapet og produsere godt marknadsføringsmateriell!

Desse jobba med dette prosjektet

Maria Djuve Vågen
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar