Vingeslag tilbyr kurs i forhandling

Vingeslag ønska å få ei nettside som tydeleggjer profesjonaliteten, kvaliteten og kompetansen dei har.

28. mars 2019

Omega Design har nyleg levert ny nettside med eit design og uttrykk som skal dekke kunden sitt behovom å bli synleg, mellom anna som leverandør av kurs i forhandlingsteknikk.Uttrykket me har lagt opp til er reint, enkelt og oversikteleg. Målet er at einlett finn fram til informasjonen ein søker, og at ein enkelt kanmelde seg på kurs.

Kurskalender

Kurskalenderen gir oversikt over komande kurs. Kundane melder seg på kurset påsida med kursinformasjon. Nettsida er laga slik at det er enkelt forVingeslag å få oversikt over påmeldte og administrere denne informasjonen.

"Call to action"

Me har lagt vekt på å hafleire “call to action”-knappar gjennomgåande på nettsida. Det vil seie knapparmed “Påmelding” eller “Kontakt oss” som gjer det enkelt for kunden å finne framog melde seg på kurs.

Blogg

Me har laga ein blogg direkte på nettsida, der Vingeslag kjem medtips, informasjon og aktualitetar om forhandlingsteknikkar. Bloggen er enkel åadministrere, slik at det er enkelt for Vingeslag å lage nye blogginnlegg,legge inn tekst og bilder, osv.

Administrasjon

Alle nettsider me lagar er enkle å administrere. Kunden legg sjølv inn ogendrar innhald og bilete direkte på nettsida. Dette gjer at ein med ein gongser kva ein endrar og korleis det vil sjå ut. Dermed kan kundenalltid halde nettsida oppdatert, samtidig som den visuelle stilen blir bevart.

Sikkerheit og personvern

Alle nettsideneme produserer er SSL-sertifiserte (https), søkeoptimaliserte i Google ogdei er utvikla i tråd med krava for universell utforming og dei nyepersonvernreglane (GDPR).