Vil skapa digitalt innhald

Ei aha-oppleving i 10. klasse sette prosjektmedarbeidar Annika Ørnes Mæhle (22) på sporet av kva ho ville gjera: Skapa godt innhald på nett.

20. september 2022

Nyleg starta Annika Ørnes Mæhle som prosjektmedarbeidar i Omega 365 Design.

– Eg har alltid håpt at eg kunne jobba her!

Det seier Mæhle om jobben som prosjektmedarbeidar. Ho ser spesielt fram til møtet med kunden.

– Den delen av jobben er veldig spennande. Det er kjekt å møta nye folk.

Starta i 10. klasse

Faktisk var det eit kundemøte som sette Mæhle på sporet av ei karriere innan kommunikasjon. Under utplassering til Omega 365 Design i 10. klasse, sat ho bak dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland under eit møte med ein kunde. Hjelmeland tok iherdig notatar, og Mæhle tenkte «dette kan eg gjera». Ho kallar det ei aha-oppleving.

– Kva er di drivkraft?

– Interessa for å skapa godt innhald på nett. Eg har alltid tilgjengelegheit i bakhovudet, både i tekst og design, seier Mæhle.

Inkluderande webdesign

Det har ho høg kompetanse på. Med seg i bagasjen har Mæhle medier og kommunikasjon frå vidaregåande og ein bachelorgradi digital kultur frå Universitetet i Bergen.

– Kva i all verda er digital kultur?

– Det handlar om samspelet mellom menneske og teknologi, korleis teknologien har utvikla seg og blitt ein stor del av liva våre. Me har hatt mykje fokus på inkluderande webdesign og korleis gjera ulike tenester mest moglege tilgjengelege, fortel Mæhle.

Den samlande delingskulturen

Dessutan har ho fordjupa seg i delingskultur på nett. Etter å ha lese fanfiction i mange år, valte ho det som tema for bacheloroppgåva. Fanfiction er vidaredikting og forteljingar basert på eksisterande litteratur av andre forfattarar. Mæhle utforska skeiv representasjon i Harry Potter.

– Hæ?

– Det finst jo ingen skeive i Harry Potter-universet til J.K. Rowling. Folk vil ha meir skeivt innhald, og har blant anna skapt ei historie om to menn i Harry Potter mange meiner er meir enn sjelevenner.

– Kva gir fanfiction til digital kultur?

– Det gir eit større mangfald der alle kan delta og laga innhald. Folk får testa ut kreativiteten sin anonymt. Det kan skapa samhald mellom folk som elles ikkje hadde møttest, eller som elles ikkje hadde møtt likesinna, seier Mæhle.

Racer på research

Mæhle tar dessutan med seg annan kompetanse frå studiet: ei djup forståing for korleis me bruker teknologi og medium, og forholdet mellom avsendar og mottakar. Som del av ein generasjon oppvaksen på nett, er ho ein racer på research.

– Eg er kjapp med å finna ut ting eg ikkje veit. Foreldra mine kan ha eit kvarters diskusjon om eit tema som eg allereie har googla.