Verdsvand speidar

Vikebygd-jenta Alida Frøvik Svendsbøe (18) starta i 2020 på vidaregåande med eit mål om å bli frisør, nå er ho fersk ut frå vidaregåande og starta i haust som profileringslærling hos Omega 365 Design.

30. desember 2022

Alida starta på vidaregåande med ein plan om å bli frisør, slik blei det ikkje.

– I fyrste klasse på vidaregåande gjekk eg på den nye linja FBIE, altså frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Då eg skulle starte i andre klasse hadde eg eigentleg vald å spesialisere meg innan frisøryrket, men rett før oppstart bytte eg til interiør- og eksponeringsdesign, noko eg er nøgd med, fortel Alida.

Vidare fortel ho om korleis ho enda opp som lærling i Omega 365 Design.

– Etter andre året på vidaregåande hadde eg eigentleg planlagt å ta tredje året på interiør-linja, men eg kjende meg litt skulelei og ville heller skjekka ut yrkeslivet. Eg søkte eigentleg berre i Haugesund då det var det eg trudde eg måtte, men så blei eg tipsa om Omega 365 Design i Ølensvåg, så då søkte eg der og fekk læreplass. Dette er eg glad for då eg trivst godt her, fortel Alida nøgd.

Speidar frå Vikebygd

Alida er fødd og oppvaksen i bygda Vikebygd. Her bur ho framleis, noko anna ser ho ikkje føre seg på ei stund.

– Eg er glad i Vikebygd då det er masse som skjer der. Nå i desember har det blitt arrangert ein stor felles adventskalender og masse kjekke aktivitetar som utekino, turgåing, kakao og grilling og mykje anna. Det er kjekt å bu på ein slik plass då alle kjenner kvarandre. Når ein går på butikken ser ein alltid eit kjend fjes, det synest eg er koseleg, smiler Alida.

Ein viktig fritidsaktivitet for Alida er speidaren. Ho har vore med i speidaren i Vikebygd sidan ho byrja i første klasse på barneskulen.

– Ja, nå er eg på mitt 13. år i speidaren i Vikebygd og eg likar meg framleis like godt. I speidaren gjer me mykje forskjellig, og alt ute, fortel Alida.

Det kjekkaste med speidaren er leirane, meiner ho.

– Leirane er ein stad der me får vera sosiale, og det skjer mykje. Siste leiren eg var på var Landstreffet på Forsand. Der sov me ei veke ute og var med på masse aktivitetar. Sidan eg er rover, stillinga ein får når ein er over 16, får ein litt meir frie tøylar på leirane. Det blir litt meir eigendisponering av tida og på kveldane er det kro berre for rovarane, forklarer Alida.

Då ho blir spurd om ho er glad i naturen og fjella her, breier det seg eit lurt smil om munnen hennas.

– Det må eg vel nesten svare ja på, sidan eg er med i speidaren. Med det sagt, er eg ikkje super-fan av å gå fjellturar, men meir det å vere ute. I speidaren lagar me mykje mat ute som eg synest er kjekt.

I speidaren i Vikebygd får ein blant anna prøvd seg på utandørs taco-laging.

Verdsvand

Alida har sidan ho var liten reist verda på kryss og tvers.

– Eg har feira tre av bursdagane mine i Tyrkia, noko eg likte veldig godt, fortel ho.

Jul har ho feira mykje i Noreg, men og i blant anna Mexico og Thailand.

– Familien min er svært glade i å reise. Høyrer eg dei nemner ein stad og eg spør om me har vore der, er svaret som regel ja, små-ler ho.