Sånn gjer du bedriftssida di synleg på Google

Er du usikker på om nettsida di er synleg nok eller har nokon sagt du er dårleg på «søkeoptimalisering»?

05. februar 2025

Me har det siste halvåret blitt kontakta av fleire av kundane våre, som er redde for at nettsida deira snart vert usynleg hjå søkemotoren Google. Årsaka er at dei har blitt oppringt av seljarar som har informert om at dette kjem til å skje mellom anna grunna svakheiter i søkeoptimaliseringa på nettsida deira. Løysinga er i alle tilfella at seljaren kan ordne dette for høge summar. 

Vårt råd er: pust med magen og ta ein ekstra sjekk på kva dette handlar om! 

Å gjere nettsida di enkel å finne på Google, er noko du i mange tilfelle fint kan ordne sjølv. Om nokon skal gjere det for deg, er det sjeldan høge kostnadar.  

Men først av alt, kva handlar dette om?

Med milliardar av nettsider på internett, er det ikkje sjølvsagt at akkurat di side kjem høgast opp om kunden din søker etter tenesta di. Med millionar av søk kvar dag, er søkemotoren Google ein av dei mest effektive måtane å drive trafikk til nettsida di og auke kjennskapen til bedrifta. Å gjere bedriftssida di synleg, er difor viktig for å nå ut til potensielle kundar. 

Søkemotoroptimalisering (SEO) er ulike metodar for å få ei nettside så høgt opp som mogleg i lista over søkeresultat ved søk i søkemotorar. Jo høgare ei nettside vert rangert, dess fleire besøkande finn nettsida frå søkemotoren. Mange faktorar påverkar kor relevant ei side er, og korleis den vert rangert.
  

Her er seks tips:

1. Ha ein bedriftsprofil på Google

  • Opprett en profil: Dette er helt gratis og gir deg ei eiga oppføring på Google Søk og Maps.
  • Fyll ut all informasjon: Namn, adresse, telefonnummer, opningstider, bilete, skildring, osv. Jo meir komplett profilen er, jo betre.
  • Verifiser profilen: Dette gjer at Google kan bekrefte at bedrifta di eksisterer og at informasjonen er korrekt.
  • Samle anmeldelser: Positive anmeldelser frå kundar aukar truverdigheita di og gjer at du rangerer høgare i søkeresultata.

 

2. Søkemotoroptimalisering (SEO)

  • Relevant innhald: Lag innhald på nettsida di som er relevant for det produktet eller tenesta du tilbyr.
  • Nøkkelord: Bruk relevante nøkkelord i teksten din. Til dømes, viss du sel sko, kan du bruke nøkkelord som "kjøpe sko", "skobutikk", "joggesko", osv.
  • Teknisk SEO: Sørg for at nettsida di er teknisk optimalisert. Dette inkluderer mellom anna hastigheit, mobilvenlegheit og struktur.
      

3. Lokal SEO

  • Stadnamn: Bruk stadnamn i innhaldet på nettsida di. Viss du har ein butikk i Etne, kan du skrive "skobutikk i Etne".
  • Google Maps: Sørg for at bedrifta di er synleg på Google Maps.
  • Lokale bedriftsoversikter: Registrer bedrifta di i oversikter over lokale bedrifter på andre nettsider, som til dømes sentrumsforeiningar, eller andre nettstader som har denne informasjonen.
      

4. Sosiale medium

  • Aktivitet: Ver aktiv på sosiale medium og del relevant innhald.
  • Lenker: Lenk til nettsida di frå sosiale medium-kanalane dine. 
      

5. Betalte annonser

  • Google Ads: Bruk Google Ads for å vise annonsane dine øvst i søkeresultata.
  • Søkeord: Vel nøkkelord som er relevante for målgruppa din.
      

6. Bygg lenker

  • Backlinks: Få andre nettsider til å lenke til sida di. Dette signaliserer til Google at nettsida di er viktig og relevant.
      

Ekstra tips:

  • Ver konsekvent: Bruk same namn, adresse og telefonnummer over alt.
  • Oppdater innhald jamleg: Nytt innhald gjer at Google indekserer nettsida di oftare.
  • Mål på resultat: Bruk analyseverktøy for å sjå korleis du presterer og juster strategien din deretter.
      

For meir informasjon og rettleiing, kan du besøke Google si offisielle hjelpeside for bedrifter: https://support.google.com/business/

Har du spørsmål om korleis du kan gjere bedriftssida din meir synleg eller har du fått ein telefonseljar på tråden som du er usikker på om er seriøs? Ta ein prat med oss! Me elskar å gjere bedrifter synlege på nett, men likar ikkje useriøse folk i bransjen. 

Inga Klokkerstuen Wangensteen
Inga Klokkerstuen Wangensteen
inga.wangensteen@omega365.com (+47) 95 75 75 83