
Tradisjonsrik marknad
Marknadsstemning i Røldal.
Til helga brakar det laus med ei ny utgåve av Røldalsmarknaden. Omlag 100 utstillarar er klare til å skape marknadsstemning i Røldal, der det også blir folkeliv med flotte konsertar, talkshow, aktiviteter for barn og humorinnslag. Noko for ein kvar smak med andre ord.
Me har også i år produsert Røldalsmagasinet der ein preseterer reportasjar, både om det som hender på marknaden, men og om folk og liv elles i Røldal. Magasinet har eit opplag på 15.500 og blir distribuert i ein stor region i Ryfylke og Hordaland. Me har bidrege frå redaksjonelle skisser, til tekst, foto og design av magasinet.
No er det berre innspurten igjen
- lukke til med marknad!

21/6/2018
Judith Sørhus Litlehamar