Prosjektleiar Jenny ynskjer å skape verdi

Draumen om å bli skodespelar førte Jenny Henriksen Leite til New York som 19-åring. I etterkant har ho funne vegen frå scena til utdanning innan marknadsføringsleiing og no jobb som prosjektleiar i Omega Design.

23. desember 2020

Jenny Henriksen Leite (26) frå Sandeid har alltid drøymt om å stå på scena som skodespelar, draumen førte henne til Skeisvang VGS på musikk, dans og dramalinja. Og ungjenta hadde sett seg klåre mål, som 19-åring reiste ho heilt åleine til New York for å gå på New York Film Academy.

– Eg vart nok veldig sjølvstendig tidleg. Tida i New York var tøff, men og veldig fin, det var ein realitetssjekk på alle vis, og absolutt ikkje noko eg har angra på etterpå. Eg valde å fylgje draumen min, fortel Jenny.

Men tida i USA sette også ting i perspektiv, og når Jenny reiste heim igjen var ho metta på teaterlivet og søkjande etter nye vegval. Ho flytta til Bergen med kjærasten som er frå Ølensvåg og starta litt tilfeldig på BI i Bergen.

– Det var i grunn nokre veninner av meg som studerte der og som meinte det kunne vere noko for meg. Eg har jo alltid drive med kreative prosjekt, og hatt eit behov for å uttrykke meg frå scena. Så overgangen til marknadsføring som fag er ikkje så stor. I tillegg har eg alltid vore glad i å studere, og hatt gode karakterar, så sjølve businessdelen freista og.

Jenny fann seg raskt til rette, ho var aktiv i ulike utval i studietida og fekk smaken av prosjektleiing og marknadsføring som fag. Linjene frå teateret til marknadsføring der presentasjonsteknikken står sentralt var tydelege, dette var rette plassen for den kreative og strukturerte Jenny.

– Eg elska å lede prosjekt og andre menneske fram til resultat. Etter BI vart det studiar på Emergence School of Leadership i Oslo.Her fekk me jobbe halvparten av studietida med ekte kundar, det var sjukt spanande, slår ho fast.

I Oslo fekk ho prøve seg på ekte prosjektleiing, blant anna for Miljødirektoratet som ville få på plass ein ny marknadsføringsstrategi for å nå betre ut til sine målgrupper.

– Prosjektleiing er eit veldig spanande fag der ein både må jobbe med seg sjølv og korleis ein fungerer saman med andre. Eg er glad for at eg er vane med å jobbe i team frå teateret, og eg likar at me kan skape gode resultat saman, meiner Jenny.

Etter studiane fekk ho jobb som prosjektleiar i eit reklamebyrå i Oslo. Så kom koronaen og tanken om å flytte heimover dukka opp. Etter nokre år i hovudstaden syns begge to det kunne passe å kome tettare på familien, og dermed starta jobbjakta. Sambuaren Martin har ikkje flytta heim endå, men planen er at han snart og er på plass.

– Det var heilt perfekt å få jobb i Omega Design og eg trivst veldig godt her. Det viktigaste for meg er at kundane blir nøgde, og ikkje minst at resultatet av kvart prosjekt gir verdi for kunden.

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59