Bilde av Bjarte Leirvik, Judith Sørhus Litlehamar, Maren Landsnes, og Hanna Maria Van Sjip som sitter rundt ett bord på kafeen Brunsj 2.0 i Gata på Sand.

– Omdømmebygging er viktig for rekruttering

Nye tider gjer at lokalt næringsliv må spe på tradisjonelle rekrutteringsmetodar. Utfordringane med å skaffa kompetanse er eit samfunnsproblem som kan løysast med blant anna god kommunikasjon, meiner kommunikasjonsrådgjevarane ved Sandskontoret til Omega 365 Design, Judith Sørhus Litlehamar og Hanna Maria van Zijp.

– Sysselsetjing er samfunnsutvikling

Duoen møter ofte kundar som slit med å få folk til attraktive stillingar. Derfor arrangerte dei frukostmøtet «Skal du rekruttera i 2023?» denne veka. Fleire lét seg freista av kaffi, kvess og kommunikasjonstips på kafeen Brunsj 2.0 i Gata på Sand.  

– Me ville inspirera lokalt næringsliv til å finna nye vegar for rekruttering. Samfunnsutvikling og sysselsetjing er to sider av same sak. Det er eit kollektivt ansvar me gjerne tar del i, seier van Zijp. 

– Næringslivet rundt oss er alt frå små til store bedrifter som er drivne av dyktige nøkkelpersonar. Å forma neste generasjon er krevjande i små bedrifter. Derfor er kontinuerleg omdømmebygging avgjerande når aktørane treng nye krefter. Då trengst kompetanse innan kommunikasjon, seier Litlehamar. 

Dobbel utfordring

Næringslivet her i Ryfylke heiar kvarandre fram, ifølgje kommunikasjonsrådgjevarane.  

– Dei ser at om éin lukkast, så vinn alle på det. Det er eit glitrande utgangspunkt for å synleggjera den mangfaldige arbeidsmarknaden som finst her, seier van Zijp. 

Det er byggjefirmaet Norgeshus KV Bygg Suldal eit godt eksempel på. Dei har funne alternative måtar å rekruttera på. Som mange andre i regionen, har dei ei dobbel utfordring. Ikkje berre slit heile bransjen med rekruttering, der 7 av 10 aktørar i byggjenæringa i Noreg manglar nå kompetanse. KV Bygg har hovudkontor på Sand og nedslagsfelt i Indre Ryfylke, eit stykke frå nærmaste byar Haugesund og Stavanger. 

Jobbar langsiktig med rekruttering

Fram mot sommaren manglar byggjefirmaet to årsverk, men konkurransen er hard. I tillegg til konkurransedyktige gode, jobbar dei målretta med eit arbeidsmiljø i særklasse og den gode kvardagen, fortel dagleg leiar i KV Bygg, Bjarte Leirvik. 

– Det står i visjonen vår at me skal vera best på folk, inkludert våre eigne, seier Leirvik.  

Tradisjonelle kanalar blir supplert med alternative måtar å rekruttera på. KV Bygg har langsiktige mål som ikkje nødvendigvis gir kortsiktige resultat som kan løysa floka fram til sommaren. 

– Det kokar ned til kor populært det er å bu her, om heile samfunnet her, legg han til.  

Bilde av Bjarte Leirvik, Judith Sørhus Litlehamar, Maren Landsnes, og Hanna Maria Van Sjip som sitter rundt ett bord på kafeen Brunsj 2.0 i Gata på Sand.
– Dersom me får nyss om at nokon skal flytta heim, tar me kontakt. Tilsette må også vera på utkikk, seier Bjarte Leirvik, dagleg leiar i Norgeshus KV Bygg Suldal AS. Rekruttering til lokalt næringsliv engasjerer kommunikasjonsrådgjevar i Omega 365 Design, Judith Sørhus Litlehamar, Maren Landsnes på sal og marknadsføring i Norgeshus KV Bygg Suldal AS, og kommunikasjonsrådgjevar i Omega 365 Design, Hanna Maria van Zijp.

– Alltid plass til dei rette folka

– Hovudinnsatsen vår går ut på å henta inn kompetansen tidleg. Me får mest påfyll på kompetanse frå lærlingar me tar inn, seier Leirvik. 

«Tidleg» er allereie i barnehagen, der KV Bygg deler ut capsar, t-skjorter og arbeidsklede til barn.  

Firmaet går aldri direkte til konkurrentar sine medarbeidarar. Det tapar alle på, ifølgje Maren Landsnes, som har ansvar for sal og marknadsføring i KV Bygg. I staden bruker KV Bygg nettverk og jungeltelegraf ved behov for erfarne tømrarar. Om dei har ledig stilling, er ikkje så viktig. 

– Me plar seia at me alltid har plass til dei rette folka, seier Landsnes.  

Hanna Maria van Zijp
23/2/2023
Hanna Maria van Zijp