Oland hjelper bedrifter å halda orden

Ølensbedrifta Oland as ønska seg ei nettside som viser at dei har alt på G og samstundes har glimt i auga. Me tok utfordringa.

11. februar 2020

Oland as hjelper bedrifter med ISO sertifisering, og bilverkstader med å halda orden på rutinar knytta til lovar og forskrifter. Den nye nettsida skal kommunisera dette effektivt, gjennom tekst og visuelle element.

Tekstar til nettsida

Me hadde fleire rundar med ordensmann Øyvind Oland og rutineryddar Liv Kari Bødtker, for å få sett oss godt inn i kva bedrifta tilbyr, kva dei står for og kven kundane deira er. Basert på dette oppretta me ein persona, som er ein fiktiv person - eit slags tverrsnitt av kundane deira. Å jobbe med persona er rett og slett å vita kven ein henvender seg til, og det gjer skrivearbeidet lett og morosamt. Me utførte i tillegg ein søkeordanalyse for å definera kva ord me ønska å bruke som nøkkelord i tekstane.

SEO

Det lange og uhandterlege ordet søkemotoroptimalisering handlar eigentleg om noko så enkelt som å gjera det lett for folk å finna deg når dei søker. Nettsida til Oland har ein god struktur, enkel navigasjon, søkevennlege URL-ar, mobiltilpassa layout og den lastar lett. I tillegg er det sjølvsagt avgjerande at kundane finn det dei kjem for, slik at dei kan ta ei avgjerd om å handla eller be om meir informasjon. For å gjera den delen av arbeidet ennå lettare for Olands kundar oppretta me ein FAQ - eller Ofte Stilte Spørsmål - der Oland svarar på spørsmål dei veit mange har kring tenestene deira.

Nye bilde

Me anbefalte Oland å få tatt nye bilde til nettsida si. Sjølv om det er mange kjekke bilde å finna gratis på nett, så gir det ei heilt anna oppleving for kundane dine å sjå deg og dine varer som de er. Det gir meir truverd til både bedrifta og til nettsida. Vår gode nabo Økland foto tok nye bilde og gav dermed Oland fleire element å spela på til nettsidebygginga.

Layout - nytt og gjenbruk

Nettstaden brukar fargekartet til Oland as, med kvitt, svart og håpets farge - lysegrønt - gjennomgåande. Alle grafiske element som er brukt har ein funksjon i tillegg til å vera dekorative, hovudsakleg å lette navigeringa på nettstaden. Nettsida har mobiltilpassa layout, det vil seia at den fungerer like godt på mobil som på desktop. Det er heilt nødvendig i dag, når dei fleste av oss bruker mobilen til nettaktivitetar dagleg.

Webflow

Me i Omega Design leverer nettsidene våre i publiseringsverktøyet Webflow. Med Webflow kan du sjølv oppdatera nettsida i frontend, det vil seie at du oppdaterer det du ser, og du ser med ein gong resultatet av det du har gjort. Nettsidene har SSL-sertifikat og blir utvikla i tråd med personvernreglane GDPR.