Maskinentreprenør Ola Fisketjøn AS med nye nettsider

Bygger tett dialog med kunde.

31. august 2018

Gode nettsider der ein kan få vise fram kompetanse og produkt bedrifta kan tilby er viktig, også for ein maskinentrepenør som Ola Fisketjøn AS. Me fekk lage nye nettsider for selskapet, som no kan sjå tilbake på 60 år i bransjen.

Ola Fisketjøn tar oppdrag både for private og offentlege kundar. Dei meiner tett dialog med kunden er viktig, og ynskjer difor å bygge opp gode kommunikasjonskanalar, deriblant ei lett oversiktleg nettside.

Me gratulerer med nye nettsider - og ynskjer lukke til vidare!

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59