Det nye leiarteamet består av Judith Sørhus Litlehamar, Maria Djuve Vågen (i midten) og Astrid Eidhammer Hjelmeland.

Ny leiartrio

Maria Djuve Vågen (32) er ny dagleg leiar i Omega 365 Design og med seg på laget har ho Astrid Eidhammer Hjelmeland og Judith Sørhus Litlehamar som skal leie dei nyoppretta avdelingane Haugalandet og Ryfylke.

07. april 2025

– Omega 365 Design skal fortsetja å levera kvalitet innføre dei fem fagfelta våre; nettside, profileringsprodukt, kommunikasjon, film og design. Me vil vera det føretrekte og beste valet for små, mellomstore og store aktørar på Haugalandet og i Ryfylke, seier Maria Djuve Vågen (32).

Denne veka tar ho over roret som dagleg leiar for design- og kommunikasjonsbyrået Omega 365 Design. Vågen, som er utdanna frå universitetet i Calgary, kjem frå Ølen og har ti års erfaring frå selskapet. I Omega 365 Design har ho gått frå sommarjobb på kommunikasjonsavdelinga, til prosjektleiar, teamleiar og nå dagleg leiar.

– Godt rusta

Vågen er nøgd med å jobba med eit mangfaldig lag i Omega 365 Design.

– Me har eit dyktig og engasjert team med utruleg kompetente folk som brenn for at kundane skal nå sine mål. Nokon har jobba her i mange år, andre har kome frå studiar. Saman er me godt rusta for å levera kvalitet framover, seier Vågen.

I tillegg til rolla som dagleg leiar, vil Vågen leia avdelinga som leverer kommunikasjonstenester til det globale Omega 365-konsernet, som har hovudkontor i Ølensvåg. I fjor hadde konsernet ei rekord-omsetning på 4 milliardar kroner.

– Me er så heldige å få jobba med heilt ulike kundar, frå kommunar til større bedrifter og enkeltpersonføretak i ulike bransjar. Omega 365 er den største kunden vår, og samarbeidet med dei er utruleg viktig. Gjennom leveransane våre har me fått bidra til å profilera og støtta eit konsern i enorm vekst, seier Vågen.

Maria Djuve Vågen (32) har ti års erfaring frå Omega 365 Design og kommunikasjonsstudiar frå universitetet i Calgary. Denne veka tok ho over som dagleg leiar i design- og kommunikasjonsbyrået.

Posisjonering regionalt og nasjonalt

Omega 365 Design har vore 26 år i kommunikasjonsbransjen, og hadde tidlegare hovudkontor på Sand. I 2015 blei byrået kjøpt opp av Omega 365-konsernet, og fekk etter kvart namnet Omega 365 Design. Utanom Omega 365-avdelinga, får selskapet to regionale avdelingar for Haugalandet og Ryfylke.

– Å organisera oss på denne måten gjer at me styrkar oss regionalt og kan posisjonera oss ytterlegare. Me har òg alltid samarbeidd med nasjonale kundar, seier Vågen.

– Det gjer at me både står sterkt saman med konsernet og er tilgjengelege for alle typar aktørar som vil bli meir synlege, legg ho til.

– Leitar etter løysingar

Avtroppande dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland, går over i rolla som avdelingsleiar for Haugalandet, med hovudbase i Ølensvåg. Med nesten 20 års erfaring frå selskapet, ser Hjelmeland fram til endå tettare prosjekt- og kundeoppfølging med både nåverande og nye kundar. Nå er Hjelmeland svært nøgd med etterfølgjaren Maria Djuve Vågen.

– I tillegg til stor fagleg tyngde, er Maria ein samlande person som alltid leitar etter løysingar. Derfor var det naturleg for meg å peika på henne. Maria er svært ambisiøs på vegne av teamet, så eg er trygg på at ho vil ta selskapet vidare på ein god måte, seier Hjelmeland.

Endå tettare på i regionen

Judith Sørhus Litlehamar, som blir avdelingsleiar for Ryfylke, ser fram til å komma endå tettare på kundane både i Sauda og Suldal, samt lenger sør i regionen.

– Me brenn for at lokalt næringsliv og andre aktørar skal kunna veksa og utvikla seg. Sidan starten har me fått jobba tett med store og mindre aktørar i alt frå reiseliv til tung industri. Nå har me vore her i 26 år – og mange kjenner oss, men slett ikkje alle, sjølv om det var her i Suldal det starta.

– Omega 365 Design leverer alle typar kommunikasjonstenester, med alt frå marknadsføring til strategisk rådgjeving. Det gjer oss unike her i Ryfylke, seier Litlehamar.

Nøgd med leiar-trio

Petter Aalvik, konsernsjef i Omega 365 og styreleiar i Omega 365 Design, er også svært nøgd med å ha fått på plass leiar-trioen med Vågen som dagleg leiar, og Hjelmeland og Litlehamar som avdelingsleiarar.

– På nyåret fortalte Astrid at ho ønskte å trø ut av dagleg leiar-rolla og ha meir fokus på prosjekt- og kundeoppfølging. Astrid har styrt skuta i åtte år med stor omtanke for tilsette, kundar og verksemda. Ho har satsa på nye fagområde og leia selskapet gjennom kraftig vekst, der omsetninga er tredobla og talet på tilsette har auka til vel 20, seier Aalvik.

– Ambisiøs og resultatorientert

– Maria var favoritt hjå både Astrid og styret. Sidan ho byrja i selskapet i 2015, har Maria hatt ulike roller der ho både har levert på høgt fagleg nivå, og vist gode leiar-eigenskapar som passar selskapet svært godt, seier styreleiaren.

– Den nye daglege leiaren vår er ambisiøs og resultatorientert, og har djup forståing for kunden sine behov. Kombinert med lang fartstid i Omega 365 Design og omfattande kjennskap til selskapet, ser eg fram til å følgja Maria vidare som dagleg leiar, seier Aalvik.

Styreleiaren nyttar høvet til å takka avtroppande dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland for innsatsen ho har lagt ned i å utvikla selskapet.