Ingrid Lunde og Oda Ulveseth utgjer landslaget i sandvolleyball

Ingrid Lunde og Oda Ulveseth utgjer det norske landslaget i sandvolley. Omega Design har sponsa laget med nettside.

25. oktober 2018

Under namnet Team Beach stiller to dyktige landslagsspelarar som turnerer verda rundt. Saman med landslagsspelarane Ingrid Lunde og Oda Ulveseth har me i Omega Design jobba fram ei nettside som syner informasjon om laget og sponsorane deira. Nettsida er og i engelsk versjon.

På nettsida teambeach.no finn ein informasjon om spelarane, kampar og resultat, og mediesenter. Her finn ein og oppdateringar frå kanalane deira i sosiale medium kor ein kan følge kvardagen tett.

Me ynskjer laget lykke til vidare i sesongen og gratulerer med ny nettside!