Sidsels Tapetserverksted gir nytt liv til gamle møbler

Sidsel Økstra driv tapetserverkstad på Sand og me har fått bidra med ny nettside.

21. november 2018

Sidsel Økstra har noko så sjeldan som svennebrev i møbeltapetsering. Ho driv Sidsels Tapetsérverksted på Sand der ho skaper nytt liv i gamle møbler og skreddarsyr det ein måtte ha behov for,til dømes båtkallesjer eller snøscootersalar.

Me har laga nye nettsider til Sidsel der ho får vist fram produkta sine og kompetansen sin. Her kan ein finne inspirasjon til korleis den gamle stolen kan bli sjåande ut, kva stoff som passar sofaen din, eller korleis ein best kan framheve fine detaljar i produkta.


På nettsidene har me fokusert på ein god og oversiktleg struktur, samt at det er lagt til rette for å vise fram gode bilete frå arbeidskvardagen og ikkje minst av dei flotte produkta som Sidsel tryllar fram.

Me håpar lesarane får eit godt innblikk i den fargerike og spanande arbeidskvardagen til Sidsel. Ta ein kikk på nettsida he på sidsels.no.

Lukke til vidare!

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59