Me utvidar innhalds- og filmteamet

Kristian Risanger (24) har brei erfaring som journalist og fotograf frå både NRK og TV Haugalandet, og sidan oktober har han jobba med innhaldsproduksjon hjå oss.

04. desember 2019

Dermed har me styrka teamet vårt ytterlegare på innhaldsproduksjon. Kristian er blant anna ein del av redaksjonen som arbeider med næringsportalen medvind24.no.

– Eg er veldig glad for å kunne vere med på løfte alle dei gode historiene me har her lokalt. Det skjer mykje spanande i næringslivet, og det er viktig at nokon tar tak i dette og fortel det ut til publikum, meiner Kristian som vil arbeide både med tekst, foto og film i sin nye jobb.

– I tillegg syns eg det er veldig stas å kunne jobbe i Omega, ei bedrift eg har høyrt mykje fint om, og som ikkje minst er gode på vekst og utvikling, meiner han.

– Kristian som starta hjå oss i oktober er eit ungt og friskt pust og ei ytterlegare styrking på innhald. Han er utdanna film- og radiojournalist og saman Filmfotograf Elin Sørheim, som kom på laget vårt i september, vil han og kunne bidra med filmproduksjon, fortel dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland.

Kristian har alltid likt å bruke språket, og har alltid interessert seg for dei historiene som folk har å fortelje. Det var også gleda av å prate med folk, og kunne formidle gode historier som fekk han til å endre utdanningskurs.

– Eg starta jo eigentleg på elektro på vidaregåande, men fann raskt ut at det ikkje var noko for meg. Eg tok påbygg og starta etterkvart på TV og radio-linja på Mediehøgskolen Gimlekollen, der eg fekk bacheloren min i journalistikk. Eg angrar absolutt ikkje på det valet, slår Kristian fast.

I etterkant av studiene dukka det opp eit passande vikariat i TV Haugalandet der Kristian fekk prøve seg innan dei fleste rollene, både som journalist, programleiar, fotograf og produsent. Etterkvart gjekk vegen til NRK og Stavanger.

Draumen om å flytte heim igjen til Skjold har likevel alltid vore der, og med den nye jobben i Omega Design kom også sjansen for Kristian til å flytte attende til Skjold, der han no er i gang med å etablere seg. Nytt hus er under planlegging, og går alt etter planen flyttar Kristian inn til sommaren.

– Det er ganske kjekt å kunne flytte heim igjen, det har eg alltid drøymt om. Det er her eg har familie og venner, fortel Kristian som på fritida held liv i gamle takter som fotballspelar.

– Det går generelt mykje i idrett, men aller mest på TV, der er eg god, får med meg det aller meste av både fotball og ski. Eg har allereie plassert TVen i det nye huset, seier han og ler godt.

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59