Mockup av nettsiden

Møgedal Mek. Verkstad har eit stort mangfald av tenester

Den mekaniske bedrifta satsar no på eit digitalt løft.

For Møgedal Mek. Verkstad på Sand er det viktig å vise fram mangfaldet av tenester, kva ein kan få i den varierte butikken dei har, kva oppdrag ein kan få utført på verkstaden og ikkje minst kva kompetanse dei har blant dei tilsette.

Dette er blitt gjort ved å produsere nye og meir oversiktlege nettsider, i tillegg til at ein har laga variert innhald til bedrifta sine kanalar i sosiale medium. Første laurdagen i oktober gjekk den årlege folkefesten, Møgedalsmarknaden av stabelen, for 33.gong. Me har laga innhald i sosiale medium og ei eiga underside på nettsidene for å presentere marknaden som har eit variert program for både små og store.

Ta gjerne ein kikk på den nye nettsida her!

Judith Sørhus Litlehamar
5/10/2018
Judith Sørhus Litlehamar