Kari Aakra sin yoga er baking

I den ferske utgåva av næringsmagasinet Tempo får du møte alt-mogleg kvinna Kari Aakra, som er aktuell som ny fylkessekretær i Hordaland SP.

21. oktober 2019

Fikse Næringsforening gir ut næringsmagasinet Tempo som viser fram næringsliv og kvardagsliv i Etne og Vindafjord. Målet er å rekruttere både nye arbeidstakarar og innbyggjarar til kommunane der både gründeranda og skaparviljen står høgt i næringslivet.

I portrettet i denne utgåva kjem me tettare på energiske Kari Aakra, som er aktuell som ny fylkessekretær i Hordaland Sp. Mari Klokkerstuen Kjellesvik er trainee i logistikk og supply management i Arriva Shipping. Magasinet trekk også fram bedrifter i regionen som satsar internasjonalt og har verda som sin marknad, og ein får eit innblikk i avdelingane til Medvind24 Næringshage. Me møter og ein småbarnfamilie i Sandeid som har flytta heim for å overta eit familiehus i sjøkanten.

Magasinet gir eit innblikk i korleis det er å drive næring, leve og bu i Etne og Vindafjord. I kvart nummer blir det trekt fram spanande bedrifter, nytt frå næringslivet og interessante personar som pregar næringsbiletet i regionen. I tillegg har ein i kvart nummer også fokus på dei mjukare sidene ved kvardagen, for Fikse Næringsforening er det viktig å vise at det krev arbeid for to personar, ledige hustomter, barnehageplassar og fritidsaktivitetar for å skape vekst i næringslivet.

I tett dialog med Fikse Næringsforening har me hatt ansvaret for redaksjonelle skisser, journalistisk arbeid og grafisk oppsett av magasinet. Me har også kontakten med HBO som er vår samarbeidspartnar på trykk av magasinet og har organisert distribusjon av magasinet som blir distribuert til husstandar og bedrifter i Etne og Vindafjord. I tillegg blir magasinet distribuert på ulike rekrutteringsarenaer i regionen, og lagt ut på strategiske stadar i kommunane av Fikse Næringsforening.

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59