
Haustutgåva av Tempo er ute nå!
Næringsmagasinet Tempo tek for seg saker frå både næringsliv og fritidstilbod i kommunane Etne og Vindafjord. Få med deg kva denne utgåva har å by på!
Val av yrkesveg, rekruttering og busetting er tema som blir teke opp i denne utgåva av Tempo. Få og med deg korleis Old River Saloon i Etne har bydd opp til dans i over 20 år, elitefotballspelar Lars Øvernes og kona Hanne Gravelsæter Øvernes satsar på lagspel både på banen og på heimebane, og kva verdiskaping landbruksnæringa har for næringslivet i regionen. I denne utgåva har me hatt med oss Fotograf Nordtveit og Svein Egil Økland Foto.
Magasinet finn du digitalt og på Facebook.
Magasinet går ut i postkassane i Etne og Vindafjord denne veka, og blir delt ut på utdannings- og yrkesmesser i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim, og Oslo.
Næringsmagasinet Tempo blir gitt ut av Fikse Næringsutvikling i samarbeid med Omega Design.