Nominert til Gullsild 2015

Filter design & kommunikasjon vart nominert til design- og reklamekonkurransen, Gullsild som gjekk av stabelen fredag 5. februar.

08. februar 2016

Me i Filter er veldig glade for å bli nominert til Gullsild 2015 i kategorien Grafisk design – open klasse, emballasjedesign for Ryfylke Mat.

Nicholas Guindani er kokk og driv Ryfylke Mat i Sauda der han foredlar lokal mat og produserer produkt som han sel i gardsbutikken sin. Pakningsdesignet som me laga tar omsyn til den gode historia bak kvart produkt og er utarbeida med grunnlag i lokalprodusert mat og smak, for å gjere produkta meir synlege og tilgjengelege.

Emballasjedesignet for Ryfylke Mat As

Filter stilte mannsterke på årets Gullsildfest og hadde ein kjekk kveld i saman med resten av bransjen. Me fekk sjå mange gode og verdige bidrag som stakk av med kvar sin Gullsildpris – sjølv henta me ikkje med oss ei sild heim i år, men me er takksame til juryen for nomineringa og ser fram til neste år. 

Me vil spesielt takka kunden vår, Ryfylke Mat, for at me har fått utvikle og designe emballasjen – takk for oppdraget!