
Godt innhald gjer deg synleg på nett
Med godt innhald kan du få fleire til å finne fram til bedriftssida di
Som i dei fleste tilfelle i livet er her og «mange vegar til rom». Men eit av kriteria er at du har ei nettside, og at denne nettsida har oppdatert innhald. For det er litt kjedeleg å klikke seg inn på ei nettside der eposten du prøver å sende kjem i retur, mobilnummeret du prøver å ringe ikkje kjem til rett person og siste oppdaterte innlegg er frå 2015.
Det er fort gjort, og som design- og kommunikasjonsbedrift kjenner me oss ofte som «skomakarens barn». Me veit at det i ein travel kvardag for bedriftene rundt oss, så er det ikkje fyrsteprioritet å halda nettsidene sine oppdaterte.
Men kva er minstekravet for at ein skal halda seg nokolunde oppdatert og gjera seg søkbar?
Her er nokre punkt å tenka på:
- Nettsida di må i dag vera responsiv. Det betyr at den er tilpassa både mobil og desktop.
- Innhaldet ditt bør vera kort og konsist og seia noko om kven du er, kva du leverer og korleis ein kan koma i kontakt med bedrifta di. Gode søkeord og setningar som ein veit kundar brukar til å søkja på, kan vera avgjerande for om du er bedrifta som kjem opp i søket.
- Oppdatere innhald med jamne mellomrom, gjerne med ein aktueltfunksjon, eller ein blogg. Ved å ha aktivitet som blogg eller aktuelt-saker på nettsida di viser du google at det er aktivitet på sida, og algoritmane vil bidra til å få deg høgare opp i søk.
- Godt innhald supplert med gode og forteljande foto vil gjera deg attraktiv for besøkande som er innom på heimesida di.
- Ei nettside som er i tråd med merkevara di. Er det lett å skjøna at du er same bedrift om kundar finn deg via nettsida eller på sosiale medium?
Lyst å vite meir om innhald og søkeoptimalisering på nett? Ta gjerne kontakt.