Full pakke for Vigor!

Tungesvik bygg og Byggefirmaet Kjetil Nedreskår slår seg saman til Vigor, og Omega Design har fått vere med på prosessen.

31. mars 2016

"Saman skapar me store ting" er slagordet til det nye byggjefirmaet, Vigor bygg, som er ei nysatsing av Tungesvik Bygg og Byggefirma Kjetil Nedreskår. Vigor blir ein totalleverandør innan byggetenester, og satsar på å dekke ein større del av marknaden frå Skånevik til Haugesund.

Omega Design har vore med heilt frå starten, og bidratt i identitetsprosessen til det nyoppretta byggjefirmaet. Saman med Kjetil Nedreskår og Torgeir Tungesvik har me fått landa strategi og namn, og utvikla logo og visuell identitet. Desse delane er knytt tett i saman, og det er difor ein fordel å samle heile prosessen. Ved å jobbe grundig med desse områda i oppstarten sikrar ein seg eit godt grunnlag å byggje vidare på, og for framtidig marknadsføring med høg kvalitet.

I Omega Design er me takknemlige for at me har fått lov å jobbe med eit så spannande prosjekt, og ønskjer Vigor lykke til vidare!

Faksimile av sak om nye Vigor i lokalavisa Grannar, frå 21. mars