Bygdesider på nett engasjerer

Omega Design har laga ny nettside for Bjoa Bygdeutviklingslag. – For oss er det eit stort løft å etablera ei god heimeside, seier Gunnar Dalen.

22. november 2019

Gunnar Dalen sit i styret til Bjoa Bygdeutviklingslag, og meiner den nye nettsida er viktig for å gi innbyggarane på Bjoa god informasjon om kva som rører seg i bygda.

– Den gamle Bjoa-sida på nettet, Bjoanett, stammar frå den digitale steinalderen, og det har i fleire år vore arbeidd med å få til ei ny heimeside. Dei «gamle» møteplassane for bygdefolket har blitt færre, og ei god og lettbrukeleg heimeside er difor viktig som samlingsplass for oss som bur på Bjoa, meiner Dalen.

På sida finn ein blant anna informasjon om ledige jobbar og bustadar, samt turløyper, arrangement og informasjon om dei ulike laga på Bjoa. Gunnar Dalen viser spesielt til arrangementskalenderen som er laga på sida.

– Bjoakalenderen skal gi informasjon om kva som skjer i bygda, slik at folk skal sleppa møtekollisjonar og kjøleskåpsdørar fulle av gule lappar. Me håper vidare at heimesida skal opna for direkte og lettvint dialog mellom dei ulike laga og medlemmene. Heimesida skal også visa fram bygda til utanbygdes folk som leitar etter gode bu - og oppvekstvilkår, som me vil at dei skal finna på Bjoa, fortel han.

I arbeidet med den nye heimesida sikra Bjoa Bygdeutviklingslag ein gong for alltid domenet for Bjoa: bjoa.no.

– Me har fått hjelp frå fagfolk i Omega Design til å byggje heimesida, men me kjem til å lage innhald på sida på dugnad. Sjølv om sida nå er oppe og fungerer, har me langt igjen før me har realisert alle planane våre for sida, men det kjem. Det viktigaste nå er å få Bjoa-kalenderen solid etablert som «oppslagstavla» for Bjoa, og då er me avhengige av at dei som bur her melder inn planlagt aktivitet til oss. Den ultralokale spalta Bjoanytt lever også best når tipsa strøymer inn til oss.

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59